FORSKING
Runde Miljøsenter legg til rette for at forskarar frå resten av verda kan kome til Runde og samle data og materiale, teste utstyr, analysere måleseriar og skrive rapportar. Senteret samlar inn grunnleggande miljødata som er tilgjengeleg for forskarar som vitjar senteret, og for forskarar som arbeider med til dømes klimaendringar, fugleforsking og fiskeriforsking.
LEIGE LOKALE TIL KURS, KONFERANSE OG SELSKAP
Med si plassering midt i havgapet er Runde ein spektakulær stad for kurs, konferansar og selskap, året rundt. Senteret er intimt og innbyr til både effektivitet og avslapping.
Vi har eit stort auditorium, møterom med sjøutsikt, selskapslokale og leilegheiter for overnatting.
BESØKS- OG FORMIDLINGSSENTER
Runde Miljøsenter er eit formidlings- og besøkssenter med faste og skiftande utstillinger der vi viser dei store biologiske prosessane som skjer i Norskehavet, og samspelet mellom miljø, klima, fugl, fisk og plankton.
Vi viser film, tek i mot grupper på omvising, og kan stille med guide på tur til fuglefjellet.